Antony Beevor i samtale med Erika Fatland om Rasputin, Romanov-familien og imperia sitt fall - Ørsta folkebibliotek

Antony Beevor i samtale med Erika Fatland om Rasputin, Romanov-familien og imperia sitt fall

Antony Beevor i samtale med Erika Fatland om Rasputin, Romanov-familien og imperia sitt fall

Onsdag 15. april, klokka 19:00-20:00

Stad: Ørsta folkebibliotek

Gratis inngang


Endå ein gong strøymer Ørsta folkebibliotek direkte frå Litteraturhuset i Oslo. Dette er ein skikkeleg godbit for historieinteresserte!

Få historikarar har same status som britiske Antony Beevor. Med dei 13 historiebøkene sine om nyare europeisk historie har han etablert seg som ein av dei mest lesne og anerkjende historieskrivarane i vår tid. Særleg bøkene hans om andre verdskrigen, mellom dei Stalingrad og storverket Den andre verdskrigen, blir rekna som moderne klassikarar.

I den siste boka si går Beevor tett på dei siste dagane til eitt av dei største imperia i verdshistoria: det russiske Romanov-dynastiet. Rasputin og Romanov-familiens undergang (omsett til norsk av Rune R. Moen) teiknar eit portrett av den «gale munken» Rasputin og undersøker korleis éin mann tilsynelatande kan ha vore med på å velte eit heilt dynasti. Gjennom detaljerte skildringar av keisarparet, rådgjevarane deira og ei folkemengd som i aukande grad hunger etter revolusjon, viser Beevor korleis ei blanding av politisk dugløyse, religiøs fanatisme og sosial uro førte til dynastiet sitt katastrofale fall.

Norske Erika Fatland har reist på kryss og tvers gjennom det tidlegare russiske imperiet. I dei kritikarroste og prisvinnande bøkene Sovjetistan og Grensen har ho vist korleis historia påverkar notida og formar regionen slik han er i dag. Ho møter Beevor til samtale om Rasputin, Romanovane og imperia sitt fall.

Samtalen vil vere på engelsk.

Arrangementet er gratis. Enkel servering. Velkomne til arrangementet førstkomande onsdag!