UngdomVi har eiga avdeling for born og ungdom. Her kan du sitte å gjere lekser, lese teikneserier/bøker eller prate med vennar. Og hugs at det er berre å spørre oss dersom du lurer på noko. Bøker Vi tilbyr både lettleste og vanlege både fleire korte historier i same bok (noveller) og ei lang historie (roman) bøker om å vere tenåring i moderne tid, men også bøker om livet til unge i ei heilt anna tid - både i veldig gamle dagar (historisk roman) eller i framtida (science fiction) både verkelegheitsnære historier, fantasybøker og grøssarar bøker med masse action, og bøker om kjærleik bøker med hest i hovudrolla bøker om fotball bøker om vennskap Her kan du også finne faktabøker (t.d. om idrett, dyr, religion, menneskekroppen, ADHD, historie, lær å teikne, musikkstjerner) teikneseriar filmar lydbøker dikt skodespel bøker på engelsk Om det er ei bok vi ikkje har som du vil ha, bestiller vi gjerne inn til deg frå eit anna bibliotek. Merking av ungdomsbøker Alle bøker, lydbøker og filmer for ungdom er merka med BLÅ PRIKK. Dersom du som ungdom er ute etter lettleste bøker bør du sjå etter bøkene merka med GRØNN PRIKK, der det inn i prikken står anten bokstaven "U" for ungdom (ca. 11-13 år) eller "MU" for moden ungdom (ca. 13-15 år). Faktabøkene er merka på tilsvarande måte. Gode lenkjer Lesedigg.no Framtida.no Ubok.no nynorskbok.no Foreningen Les! sin nettside for ungdom Publisert 13.01.2023 15:06 Sist endra 13.01.2023 15:07