StudentBiblioteket kan vere til god hjelp for deg som studerer. Du kan gjerne kome med pensumlista di og vi kan låne inn bøker til deg frå andre bibliotek rundt om i landet. Har du Nasjonalt lånekort, kan du sjølv logge deg inn i biblioteksøk.no, bestille og velje hentestad Ørsta folkebibliotek. Ver merksam på at det kan vere forskjellige innleveringsfristar på bøkene frå dei ulike biblioteka. Vi har nokre lesekrokar der du kan sitte å lese i fred og ro. Vil du kome før opningstid må du kontakte oss på førehand! Vi har òg pc-ar, trådlaust internett og skrivar om du skulle trenge det. Nyttige databasar: Bokselskap - Her finn du digitaliserte bøker som er frigitte. Skal du lese norske tekstar frå perioden 1300-1910 kan du finne desse her. Kan lastast ned til pc/mac, nettbrett eller lesebrett. Bokhylla - Om du ikkje fann boka hjå Bokselskap kan du prøve på Bokhylla.no. Der kan frigitte bøker lastast ned som PDF. Bibsys.no - Alle universitets-, høgskule- og fagbibliotek sin database. Vi kan få tak i bøker frå alle desse biblioteka. Publisert 13.01.2023 15:13 Sist endra 13.01.2023 15:13