Viktig melding til alle våre lånarar som har aktiv lånehistorikk:

Lånehistorikk betyr at alle bøkene du har lånt på biblioteket i Ørsta ligg lagra i ei liste, frå og med den dagen du aktiverte denne funksjonen. Dessverre så vil det ikkje vere mogleg å overføre denne historikken frå vårt noverande system og over til det nye Cicerosystemet. Kom difor innom oss før september dersom det er ynskjeleg med ei utskrift av boklista di.

Student

Student

Biblioteket kan vere til god hjelp for deg som studerer. Du kan gjerne kome med pensumlista di og vi kan låne inn bøker til deg frå andre bibliotek rundt om i landet.

Har du Nasjonalt lånekort, kan du sjølv logge deg inn i biblioteksøk.no, bestille og velje hentestad Ørsta folkebibliotek. Ver merksam på at det kan vere forskjellige innleveringsfristar på bøkene frå dei ulike biblioteka.

Vi har nokre lesekrokar der du kan sitte å lese i fred og ro. Vil du kome før opningstid må du kontakte oss på førehand! Vi har òg pc-ar, trådlaust internett og skrivar om du skulle trenge det.


Nyttige databasar:

  • Bokselskap - Her finn du digitaliserte bøker som er frigitte. Skal du lese norske tekstar frå perioden 1300-1910 kan du finne desse her. Kan lastast ned til pc/mac, nettbrett eller lesebrett.
  • Bokhylla - Om du ikkje fann boka hjå Bokselskap kan du prøve på Bokhylla.no. Der kan frigitte bøker lastast ned som PDF.
  • Bibsys.no - Alle universitets-, høgskule- og fagbibliotek sin database. Vi kan få tak i bøker frå alle desse biblioteka.