SkuleelevGår du i grunnskulen eller på vidaregåande og treng ein stad der du kan gjere lekser i fred og ro? Eller treng du stoff til ei oppgåve eller eit prosjekt? Då er biblioteket staden for deg! Vi har faktabøker om det aller meste, og du kan også bruke pc for å finne informasjon på internett. Spør oss i skranken om du treng hjelp med eit tema du arbeider med. Om du treng bøker som vi ikkje har, finn vi desse hjå andre bibliotek og låner inn for deg. Vi har lesekrokar der du kan sette deg ned, både åleine og med venner, og gjere lekser etter skuletid. Nyttige lenkjer Det nynorske digitale oppslagsverket Ordbok Språkrådet Interaktive oppgaver - Spel deg til kunnskap og sett kunnskapen på spel! nrk - Lyd- og videoklipp fra NRK-program tilpassa elevar og lærarar, i tillegg til forfattarintervju og klipp. Publisert 13.01.2023 15:10 Sist endra 13.01.2023 15:10