Viktig melding til alle våre lånarar som har aktiv lånehistorikk:

Lånehistorikk betyr at alle bøkene du har lånt på biblioteket i Ørsta ligg lagra i ei liste, frå og med den dagen du aktiverte denne funksjonen. Dessverre så vil det ikkje bli mogleg å overføre denne historikken frå vårt noverande system og over til det nye Cicerosystemet. Kom difor innom oss før september dersom det er ynskjeleg med ei utskrift av boklista di.

Særskilt behov

Særskilt behov

Ørsta folkebibliotek er eit Bok til alle-bibliotek. Det vil seie at biblioteket har tilbod til brukarar som av ulike grunnar har leseproblem og treng tilrettelagde bøker for sine lesehemmingar.

Til dømes om du er

  • uvand med å lese
  • har eit anna morsmål
  • har dysleksi
  • andre funksjonshemmingar


Personar med lesevanskar

Lettleste bøker er spesielt godt eigna for dei som slit med å lese, men kan godt brukast av mange, ikkje berre dei spesielt lesesvake. Du finn lettleste bøker både for born og vaksne hos oss.

Lettleste bøker er:

  • kortare
  • har enkelt språk
  • har kortare avsnitt/kapittel enn i vanlige bøker
  • ofte tilpassa til alder og modenheit
  • har ganske store variasjonar i vanskegrad

Lettleste bøker for vaksne er av to kategoriar:

  • Bøker med enkelt språk, medan innhaldet ikkje er spesielt tilpassa på nokon måte.
  • Bøker med både enkelt språk og enkelt innhald.

I Boksøk finn du alle titlane som er støtta av Leser søker bok. Desse bøkene er garantert frie for tung tekst. 


Syns- og hørselshemma

Ørsta folkebibliotek har eit stort utval av lydbøker både for born og vaksne. Og ei lita samling med storskriftbøker for vaksne. 

For synshemma born finst det

  • taktile bøker (følebøker) og bøker med
  • blindeskrift/ punktskrift


For teiknspråkbrukarar har vi bøker med

  • teiknspråk (bilder av teikn) i tillegg til tekst og bilde.

Du kan også bestille bøker frå NLB (Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek). Det er eit bibliotek som produserer og låner ut lydbøker og punktskriftbøker til blinde, svaksynte og andre som har vanskar med å lese trykt tekst. Mange av NLBs lånarar har dysleksi eller andre lese- og skrivevansker. Det er gratis å låne bøker frå NLB.

Bøkene står i hylla merka med "Bok til alle"-symbolet.