Lokalhistorisk interessert

Lokalhistorisk interessert

Interessa for lokalhistorie og slektsgransking er aukande.

I lokalsamlinga her på biblioteket har vi samla det meste av bøker, hefter og anna materiale som er gitt ut om Ørsta. Det kan til dømes vere generell historie om kommunen og lokale høve, om bedrifter, lag og foreiningar, og om personar frå Ørsta, slektshistorie og gardshistorie. Vi har også lokalavisa tilbake til 1902 (på mikrofilm). Ørsta folkebibliotek legg vekt på å samle og ta vare på lokalhistorisk litteratur, alt som er skrive av og om ørstingar. Vi har også bygdebøker og årsskrift frå nærliggande kommuner. Andre bygdebøker låner vi inn frå andre bibliotek.

Det finst fleire årbøker for sogelag som inneheld artiklar om Ørsta. Du kan søke på stadnamn, personar, gardar, bedrifter, lag og foreiningar, emne m.m. i MøreRom og der finne ut kvar artiklane står publisert.

 

Skjønnlitteratur

Vi har som mål å ha alle romanar, noveller og dikt skrive av ørstingar.

Faglitteratur

Vi prøver også å samle alt som er skrive om Ørsta og ørstingar.

Vi har biografiar, jubileumsskrift om ulike lag og organisasjonar, skular, bedrifter m.m. Vi har også bygdebøker og årsskrift frå sogelaga i Ørsta kommune.

Biblioteket har også bygdebøker og årsskrift frå ein del andre kommuner på Søre Sunnmøre og Nordfjord.

Aviser

Vi har Ørsta Avis og Møre-Nytt i papirutgåve (alle årgangar minus krigsåra og 1973(tapt)).

På mikrofilm har vi:

  • Søndmøre Avis 1902 -1921 (NB: 1903-1908 finst ikkje)
  • Sunnmøre 1921 - 1926
  • Ørsta Avis 1926 -1941
  • Møre-Nytt 1935 -->
Kyrkjebøker

Desse har vi på mikrofilm.

Ørsta sogelag kjøpte i 2008 inn ny mikrofilmlesar som er plassert i lokalsamlinga. Denne kan nyttast etter avtale.
Lenkje til skanna kyrkjebøker

Slektsgransking

For å kome i gong med slektsgransking er biblioteket eit godt utgangspunkt. I lokalsamlinga finst bygdebøker frå Ørsta kommune og andre nærliggande kommuner, med oversikt over gardane og kven som budde der. Her finst også slektshistoriske bøker frå området i tillegg til handbøker som syner korleis du kan arbeide med slektsgransking med råd og tips for nybyrjarar. Treng du bygdebøker eller anna for å finne slekt låner vi inn det vi ikkje har frå andre bibliotek.

Det finst store mengder informasjon på nettet der ein kan søke etter forfedrane sine. Biblioteket kan hjelpe deg å få oversikt, kome med tips til korleis du skal leite, m.m.

Dei fleste av desse digitale ressursane ligg på Digitalarkivet. Som ei førstehjelp på vegen til å finne slekta di tar vi nedanfor med nokre tips frå Norsk lokalhistorisk institutt sine nettsider

Hovudreglane for nybyrjaren er:

  • Snakk med dei levande: Det er viktig å samle informasjon frå dei som enno hugsar, før det er for seint. Skriv ned alt, og hugs å notere tid, stad og kjelde. Dette er ofte eit godt grunnlag å jobbe vidare frå, særleg fordi mange av dei offentlege kjeldene ikkje er tilgjengeleg for nolevande personar. Brev, dokument og bilete gir viktige opplysningar. Ta gjerne lydopptak og bilete sjølv. Ikkje gi deg dersom du får nei – det er di eiga slekt, og du har rett til å få vite kvar du kjem frå.
  • Gå til biblioteket: Skaff deg ei innføringsbok, til dømes ”Våre røtter” av Stoa og Sandberg, og bruk den som hjelpemiddel vidare. Sjekk kva som finst av publisert materiale om slekta, garden eller området, og be biblioteket ditt skaffe deg dette, eventuelt ved innlån. Be bibliotekaren om hjelp!
  • Skaff deg eit dataprogram: Få alle opplysningar du finn på plass i programmet, og la det hjelpe deg til å halde orden på materialet. Loggfør det du gjer og lag aktivitetslister. Vær nøye med å vise til kjelder, og vurder kjeldene dine kritisk. Ikkje alt er til å stole på! Sekundær- og tertiærkjelder må sjekkast opp mot primærkjelder.
  • Gå til folketeljingane og kyrkjebøkene: Mykje av dette er digitalisert og finst på nettet, det aller meste er å finne på mikrofilm og kan lånast inn til biblioteket ditt. Hugs at det kan være feilregistreringar – dette er sekundærkjelder. Bruk også andre kjelder, som t.d. militærrullar.
  • Bruk nettverket ditt: Gå til slektsforskarforeiningane og historielaga, der får du hjelp. Del med andre det du har funne - du er ein del av nettverket du òg.
Sogelag i Ørsta kommune

Ørsta Sogelag leiar: Anne-Marie Øyehaug
Vartdalstranda sogelag, leiar: Ivar Arne Vartdal
Hovdebygda Soge-og velferdslag, leiar: Grete Ringset
Follestaddalen Sogelag, leiar: Asbjørn Aarseth
Hjørundfjord Sogelag, leiar: Kari Aarsnes

Bibliografi over lokale forfattarar

Bibliografien omfattar forfattarar som anten er fødde og oppvaksne i Møre og Romsdal, eller som har budd så lenge i fylket vårt at ein reknar med at dei høyrer til her. Bibliografien er avgrensa til å gjelde forfattarar som har fått gjeve ut skjønnlitterære bøker - romanar, noveller, skodespel, dikt - etter krigen. Fleire har ein produksjon både før og etter krigen. Dei står oppført i lista med heile forfattarskapen.