Grunna flyttinga vår kan de som treng bokpåfyll ordne dette hjå biblioteket i Volda.

Kontakt dei på telefon: 7005 8850 eller e-post: biblioteket@volda.kommune.no
(
Les meir her…)

Noriaki - samtale og musikk med Endre Ruset og Stian Omenås

Noriaki - samtale og musikk med Endre Ruset og Stian Omenås

Tysdag 23. april, klokka 19:00

Stad: Ørsta folkebibliotek

Gratis inngang


Forfattar Endre Ruset har hatt stor suksess med poesiboka Noriaki (2017). Saman med musikar Stian Omenås har dei videreutvikla det som starta som ein teseremoni til ei bok og eit større univers. I 2023 kom Noriaki ut i plateformat.

Møt utøvarane i samtale om prosjektet og høyr dikta i musikkformat.

Arrangementet er ein del av programmet som Ørsta folkebibliotek tilbyr i samarbeid med Litteraturhus i Møre og Romsdal.