FRØBYTEDAG

FRØBYTEDAG

Laurdag 25. januar 2025 frå klokka 11:30 til 13:00

Stad: Ørsta folkebibliotek


Ta med det du har av overskotsfrø om du har, og byt til deg nye og spennande sortar! Ta med frøposar, eller brett dine eigne her på biblioteket.

Ørsta Sirkelhage har ein mengde overskotsfrø. Vi ynskjer å dele ut frø til dei som vil ha. Vel møtt!

Ørsta Sirkelhage arrangerer frøbytedagen som del av KVANN sin nasjonale frøbytedag som er sett til akkurat denne dagen på grunn av 50-årsjubileet til USA sin tilsvarande organisasjon, Seed Savers Exchange. Dei arrangerer også National Seed Swap denne dagen.

KVANN (Kunnskap og Vern av Nytteplanter i Norge) – Norwegian Seed Savers er ein nasjonal interesseorganisasjon for bevaring av plantemangfald. Dei jobbar både for å ta vare på gamle norske nytteplanter, men prøver samtidig ut nye spennande vekstar i forskjellege landsdelar frå kysten til fjellet og frå Lindesnes til Nordkapp. Dette kan gjere oss betre rusta til å møte klimaendringane.