Fikselaug med Ørsta husflidslagTo personar som driv med handarbeid Noregs husflidslag Laurdag 14. oktober, klokka 11-14Stad: Ørsta folkebibliotekGratis inngangLaurdag 14. oktober frå klokka 11:00 fram til klokka 14:00 inviterer Ørsta husflidslag til Fikselaug her på biblioteket.Har du klede som har litt hol her og der? Eit fikselaug er ein stad der alle som vil kan kome innom for å lære å fikse. Vi stiller med utstyr, og gode råd og tips. Målet er å vise kor lett det kan vere å fikse på kleda vi har, i staden for å kjøpe nytt heile tida. Håpet er at vi kan lære av kvarandre. Erfarne fiksarar er også velkomne.Noregs husflidslag har "Haldbart" som eit av sine satsingsområde. Det handlar om å ta vare på tinga våre, utnytte ressursar rundt oss, reparere, lage og gjenbruke. I dette ligg prosjektet «Alt kan fiksast», som er eit prosjekt for å inspirere og lære folk å fikse og ta vare på kleda sine. Vi håpar at prosjektet skal spreie materialkunnskap, reparasjons- og handverksteknikkar.Vi i Ørsta husflidslag er med på prosjektet og dette fikselauget er det første vi arrangerer. Vi satsar på at det blir fleire etterkvart.