Direktestrøyming: Wencke Mühleisen og Sissel Gran

Direktestrøyming: Wencke Mühleisen og Sissel Gran

Tysdag 5. mars, klokka 19:00

Stad: Ørsta folkebibliotek

Gratis inngang


Tysdag 5. mars frå klokka 19:00 inviterer Ørsta folkebibliotek til direktestrøyming med Wenche Mühleisen og Sissel Gran.

«Jeg kan ikke gå i tog og demonstrere mot ensomheten og det fortærende savnet etter en annens kropp, det eneste jeg kan gjøre er å betale for et tinderabonnement.»

I “Alt jeg frykter har allerede skjedd” vert hovudpersonen dumpa av livspartneren sin. Kjærleikssorga er altoppslukande. Korleis skal ho finne glede i livet no? Eller vise seg naken for eit nytt menneske igjen?

Enklare blir det ikkje av at hovudpersonen er 69 år, og både ho og dei potensielle mennene ho kan date er på veg inn i pensjonsalder. Klarar ho tanken på sin eigen eller andre sine gamle kroppar, orkar ho vere open for nye partnarar, og vil nokon i det heile tatt opne opp for henne?

Wencke Mühleisen er medievitar, kjønnsforskar og forfattar. Ho debuterte skjønnlitterært med “Jeg skulle ha løftet deg varsomt over” i 2010, og har så langt gitt ut fem bøker. Litteraturen hennar reflekterer ofte over spesifikt kvinnelege erfaringar, og viser korleis dei universelle menneskelege følelsane er dei samme, uavhengig av alder. I “Alt jeg frykter har allerede skjedd” utfordrar ho tabu rundt begjær og seksualitet hjå eldre menneske, analyserer den sosiopolitiske sida ved einsemd, og stiller spørsmålsteikn ved vårt sterke behov for å leve i par.

Sissel Gran er psykolog, samlivsekspert og forfattar av blant anna “Men størst av alt er begjæret”, “Inni er vi alltid unge” og “Det er slutt”. Ho møter Mühleisen til samtale om einsemd, begjær og å tørre å opne seg for kjærleiken på nytt.