Boklansering med Linn-Therese Turbekkmo-Øye

Boklansering med Linn-Therese Turbekkmo-Øye

Linn-Therese Turbekkmo-Øye med promoplakat - Klikk for stort bilete

Tysdag 13. februar, kl. 18:00-19:30

Stad: Ørsta folkebibliotek

Gratis inngang

Velkomne til boklansering med forfattardebutant Linn-Therese Turbekkmo-Øye tysdag 13. februar, klokka 18:00-19:30.

Linn-Therese si interesse for skriving oppstod i tenåra, og vart ein viktig strategi for å takle kvardagens utfordringar då ho var innlagt for eteforstyrring i 2011. Skrivinga har fulgt ho i tida som sjuk, men også dei siste ti åra som frisk.

Boka hennar som heiter Livsmelodi tek lesarane med på ei emosjonell reise gjennom dei siste tolv åra, og formidlar forfattaren sine erfaringar rundt psykisk helse, eigenomsorg, venskap og kjærleik på ein måte som treff djupt og ekte. Boka formidlar på gripande vis, at livet er ein melodi som er i konstant endring. «Så hva skjer når tonene endrer seg, og håpet danser ute av takt? Når mørket overtar, og lysglimtene lar vente på seg? Husker du fortsatt at du er verdifull og bra nok? La melodien fortsette, og vent litt – håpet er på vei».

Forfatteren sitt ønske for boka er at den gir støtte og håp, og minnar lesarane på at dei er verdifulle og bra nok som dei er. Kanskje kan forfatteren si historie - og bok, også bidra til å bryte ned stigma rundt psykisk helse, og inspirere til openheit og forståing?

Boklanseringa vil vere ei moglegheit for lesarane til å bli kjent med forfatteren sin bakgrunn, og høyre korleis boka blei til. Forfattaren vil lese ulike dikt frå boka, og det vil vere høve til å kjøpe boka og få den signert etterpå.