"Alt du vil vite om Munch - og litt til" med Ivo de Figueiredo

"Alt du vil vite om Munch - og litt til" med Ivo de Figueiredo

Torsdag 6. februar, klokka 12:00

Stad: Ørsta folkebibliotek

Gratis inngang


Ivo de Figueiredo er ein av våre mest anerkjente sakprosaforfattarar med eit forfatterskap som spenner frå true crime, ungdomsbøker, familiememoar og fleire bøker om kulturhistoriske emner, deriblant tobinds-biografiane om Henrik Ibsen og Edvard Munch.

Ivo de Figueiredo er ein forfatter som trivest like godt på ei scene som bak skrivebordet. Gjennom meir enn tjue år har han vore kjent som ein entusiastisk formidlar med ei eiga evne til å kombinere kunnskap, humor og gode historier.

Etter utgjevinga av siste bind av Stormen : En biografi om Edvard Munch har han reist land og strand rundt med foredrag og boksamtalar.

Den 6. februar 2025 kjem han til Ørsta folkebibliotek for å kåsere om vår største bildekunstnar.

Det vert òg boksal og -signering på arrangementet.