Viktig melding til alle våre lånarar som har aktiv lånehistorikk:

Lånehistorikk betyr at alle bøkene du har lånt på biblioteket i Ørsta ligg lagra i ei liste, frå og med den dagen du aktiverte denne funksjonen. Dessverre så vil det ikkje bli mogleg å overføre denne historikken frå vårt noverande system og over til det nye Cicerosystemet. Kom difor innom oss før september dersom det er ynskjeleg med ei utskrift av boklista di.

Aktuelt samfunnsforedrag med Helge Simonnes

Aktuelt samfunnsforedrag med Helge Simonnes

Bilete av Helge Simonnes

Dato: tysdag 3. oktober, klokka 19:00

Stad: Ørsta folkebibliotek

Gratis inngang


Tysdag 3. oktober klokka 19 har vi foredrag med Helge Simonnes og temaet «Vårherres krigere: Vladimir Putin og Donald Trump».

Helge Simonnes er tidlegare sjefredaktør i Vårt Land. Han har nettopp gitt ut boka «Putins hellige krig», i tillegg til fleire andre bøker i skjeringspunktet mellom politikk og religion.
NRK sin tidlegare USA-korrespondent Bjørn Hansen gir følgjande vurdering av tilsvarande foredrag: «Det er sjelden jeg går til et foredrag om samfunnsspørsmål som ligger litt i utkanten av mitt tradisjonelle interesseområde, som er internasjonal politikk og økonomi. Men Helge Simonnes’ foredrag på Nesodden ga meg en ny og spennende innsikt i forholdet og skjæringspunktet mellom religion og politikk. Det var en glimrende gjennomgang, rikt på innhold og fint avdempet i form.»

Det blir høve for spørsmål og kommentarar til foredraget.