Innleveringskassa blir flytta på fredag:

Innleveringskassa vår blir ståande på gode gamle biblioteket ut imorga. Fredag 13. november blir den flytta til vindfanget i Ørstahallen, der du kan levere bøkene innafor hallen sine opningstider.
(Per 11. november 2026 har Ørstahallen følgjande faste opningstider: måndag til torsdag kl. 07:00-21:00 og fredag kl. 07:00-20:00)

Til deg som brukar BookBites

Til deg som brukar BookBites

BookBites blir no erstatta av den nye appen Biblio. Noverande BookBites-brukarar vil få ei melding om å laste ned Biblio-appen. Og frå 11. mai 2026 vil det ikkje lenger vere mogleg å låne bøker i BookBites. Opnar du den gamle appen etter denne datoen, vil det dukke opp ein beskjed om å laste ned ny app for å halde fram med lån av bøker.

Kva må du som lånar gjere? 
Ein kan logge på Biblio med same brukaren som ein har i BookBites, og alle lån vil bli med over. Med andre ord treng du ikkje opprette ny brukar om du allereie har nytta BookBites.

Innloggingshjelp til BookBites-lånarar.pdf (PDF, 2 MB)

Du kan òg få hjelp til nedlasting/innlogging inne på Biblio-hjelpesenteret: Biblio Help Center