Innleveringskassa blir flytta på fredag:

Innleveringskassa vår blir ståande på gode gamle biblioteket ut imorga. Fredag 13. november blir den flytta til vindfanget i Ørstahallen, der du kan levere bøkene innafor hallen sine opningstider.
(Per 11. november 2026 har Ørstahallen følgjande faste opningstider: måndag til torsdag kl. 07:00-21:00 og fredag kl. 07:00-20:00)

Stengte bibliotek i samband med systemskifte

Stengte bibliotek i samband med systemskifte

Biblioteka i Ørsta, Volda og Hornindal held heilt stengt i veke 38 og 39 i samband med overgang til nytt biblioteksystem.

Ørsta folkebibliotek held stengt f.o.m. 12. september t.o.m. 28. september. 

Fram til vår midlertidige stenging blir opningstidene i Ørsta som følgjer:
Laurdag 6. september: kl. 11-14
Måndag 8. september: kl. 12-19
Onsdag 10. september: kl. 14-19
TORSDAG 11. september: kl. 12-16 (siste dag vi har ope)

Dersom vi ser at systemet er klart og at vi kan opne dørene tidlegare, så gir vi beskjed om dette fortløpande!
 

Volda folkebibliotek og Hornindal bibliotek har også stengt dei same datoane som i Ørsta. 

Fram til den midlertidige stenginga er opningstidene i Volda som følgjer:
Måndag 8. september: kl. 12-18
Tysdag 9. september: kl. 12-16
Onsdag 10. september: kl. 12-16
Torsdag 11. september: kl. 12-16

Hornindal bibliotek har ope onsdag 10. september frå klokka 14 til klokka 19.