«Sprek på nett» - datahjelp i Ørstahallen, annakvar onsdag i partalsveker - Ørsta folkebibliotek

Stengt for fjernlån

Fjernlån mellom biblioteka er mellombels stengt grunna utfordringar med boktransport. 
Vi ber om tolmod og at de ventar med bestillingar. Meir informasjon vil kome etter kvart.

«Sprek på nett» - datahjelp i Ørstahallen, annakvar onsdag i partalsveker

«Sprek på nett» - datahjelp i Ørstahallen, annakvar onsdag i partalsveker

Datoane fram mot sommaren: 6. mai, 20. mai, 3. juni og 17. juni.

Vil du bli tryggare på det digitale? Bli med på gratis kurs for å styrkje den digitale kompetansen din. Lær mellom anna grunnleggande bruk av datamaskin og nyttige appar til telefon og nettbrett.

Volda og Ørsta kommunar vidarefører tilbodet om kompetanseheving i digitale ferdigheiter for seniorar – i samarbeid med Digitaliseringsdirektoratet!

ØRSTA: Annankvar onsdag i partalsveker, kl. 11:00–13:00, 2. etasje i Ørstahallen.
VOLDA: Annankvar fredag i partalsveker, kl. 14:00–16:00, 1. etasje på Volda samfunnshus.

Berre å møte opp – du treng ikkje melde deg på!

Du treng ikkje kunne noko frå før. Du lærer t.d. korleis du brukar datamaskin og om nyttige appar på mobil og nettbrett. 

Tidlegare har vi lært om:

  • Vipps
  • Billettar og transport
  • Google Foto
  • Helsenorge
  • E-post


Ta med eige utstyr (mobil, nettbrett, PC/MAC)

For spørsmål og meir informasjon, kontakt Fred Igland på telefon 9002 4945