Viktig melding til alle våre lånarar som har aktiv lånehistorikk:

Lånehistorikk betyr at alle bøkene du har lånt på biblioteket i Ørsta ligg lagra i ei liste, frå og med den dagen du aktiverte denne funksjonen. Dessverre så vil det ikkje bli mogleg å overføre denne historikken frå vårt noverande system og over til det nye Cicerosystemet. Kom difor innom oss før september dersom det er ynskjeleg med ei utskrift av boklista di.

Sommarope 2025

Sommarope 2025

Måndag 23. juni går vi over til sommarope og vil då ha følgjande opningstider: måndag 12-16, onsdag 14-18, torsdag 12-16 og fredag 12-16. Heilt stengt 21.-27. juli