Viktig melding!: måndag 24. august må vi stenge fjernlånet

Grunna flyttinga til mellombelse lokale må vi stenge fjernlånet vårt fram til vi har kome på plass i Ørstahallen.
Men i denne perioden kan dei som vil bestille bøker til henting på biblioteket i Volda. Ta då kontakt med dei for å ordne dette. Telefon: 7005 8850 og e-post:
biblioteket@volda.kommune.no

(Les meir her…)

«Pent porselen» -- FORFATTARSAMTALE -- Onsdag 15. oktober, kl. 19:00

«Pent porselen» -- FORFATTARSAMTALE -- Onsdag 15. oktober, kl. 19:00

Randi Fuglehaug møter Ann Helen Kolås Ingebrigtsen til samtale på Ørsta folkebibliotek

Stad: Ørsta folkebibliotek

Onsdag 15. oktober klokka 19:00

Gratis inngang


Randi Fuglehaug og forfattarkollega Ann Helen Kolås Ingebrigtsen møtest til samtale om Fuglehaug sin ferske roman «Pent porselen». Boka utforskar kva det vil seie å vere lykkeleg åleine – eller einsam saman med andre.

Fuglehaug er frå før kjend for dei populære krimbøkene om Agnes Tveit og ungdomsserien Halve kongeriket, som Netflix har filmatisert under tittelen Royalteen.


Arrangementet er ei del av programmet til Litteraturhus i Møre og Romsdal.
Litteraturhus i Møre og Romsdal er ei litteratursatsing i heile fylket med om lag 120 gratisarrangement kvart år. Rundt 6000 deltakarar får årleg oppleve forfattarsamtalar, bokbad og litteraturmøte – heilt gratis, på sine lokale bibliotek.
Nynorsk kultursentrum koordinerer tilbodet på Sunnmøre, medan Bjørnsonfestivalen har ansvaret på Nordmøre og i Romsdal.
Satsinga starta i 2020 og fekk frå 2024 fast støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, i tillegg til bidrag frå kommunane, Sparebank1 Nordmøre, Fritt Ord, Kulturrådet og Human-Etisk Forbund.