
Nytt biblioteksystem
Det nye biblioteksystemet vårt heiter Cicero. Etter planen skulle Ørsta folkebibliotek, Volda folkebibliotek og Hornindal bibliotek slå seg saman i Cicero. På grunn av problem knytt m.a. til fjernlån, statistikk og sending av meldingar som samla bibliotek, valgte vi å gå over kvar for oss.
I overgangen beheldt vi alle lånarane som vi tidlegare delte på tvers av kommunene. Dette betyr at du som ørstalånar også ligg registrert som lånar hjå Volda folkebibliotek, og omvendt. Vi kan ikkje lenger reservere bøker i Volda sin katalog på same måte som før, men vi fjernlåner bøker etter behov, også frå Volda. Dersom du ynskjer å fjerne deg som lånar på det biblioteket du ikkje nyttar i det daglege er det berre å ta kontakt.
Ny side for søk og oversikt over lån
Den nye nettstaden for å søke i katalog, reservere bøker, sjå og fornye lån heiter Cicero Surf. Klikk her for å søke i samlinga vår: ørstabibliotek.no
For å logge inn trykker du på strekane øverst til venstre og “Logg på”. Du loggar inn med lånenummer og PIN-kode (innlogging med e-post er ikkje lenger tilgjengeleg). Oppe til venstre kan ein også endre kva bibliotek ein søkjer i, og ser låna sine hjå, ved å trykke på “Gå til annen skole”. Her kan ein t.d. velje Hornindal bibliotek, Volda folkebibliotek, eller andre bibliotek som nyttar Cicero.
Finn du ikkje det fysiske lånekortet ditt? Logg på bibliotekkortet.no ("Logg på Min side", og “Logg inn med ID-porten”) for å finne lånenummeret ditt. Her kan ein også oppdatere PIN-koden sin dersom ein treng det.
Ein kan også snart, som før, bruke utlånsautomaten for å registrere lån sjølve når ein er innom oss (hugs lånekort).
Takk for tolmod og velvilje medan vi tilpassar oss nye Cicero!