Nytt tilbod: Lån «Barnas datamaskin» på biblioteket

Nytt tilbod: Lån «Barnas datamaskin» på biblioteket

Ørsta kommune tilbyr no utlån av datamaskiner med trygt og pedagogisk innhald gjennom Ørsta folkebibliotek.

Barnas datamaskin er eit tilbod laga for barn i grunnskulealder som skal ha sitt første møte med digitale verktøy. For å sikre ei trygg oppleving, er maskinene låste ned slik at dei ikkje har tilgang til det opne internett, og inneheld verken reklame eller kommersielt innhald.

Trygge rammer for digital bruk

Hovudmålet med prosjektet er å tilby ein kontrollert arena for digital læring. 

Innhaldet er fast og føreseieleg, noko som gjer at barna kan utforske verktøyet utan at foreldra treng å bekymre seg for kva dei klikkar på.

Ørsta kommune minner om at digital bruk bør vere eit supplement til anna aktivitet. Foreldre vert oppmoda om å bruke maskina saman med barna og setje tydelege tidsgrenser. For utfyllande råd om barn og skjermbruk, sjå Helsedirektoratet sine nettside om skjermbruk for barn, unge og føresette.

Dette finn du på datamaskina

Innhaldet er visuelt tilpassa slik at det enkelt for barna å bruke maskina på eiga hand. Tilbodet omfattar mellom anna:

  • Språk og lesing: Nynorskbok, Framtida Junior, Lesekroken og songboka Lurivar.
  • Læring og spel: Sirkus Salaby, Henry (førstehjelp) og ressursar som «Jeg Vet» og «Grønne tanker, glade barn».
  • Kultur: Reklamefritt innhald frå NRK Super og teikneverktøyet AutoDraw.
  • Lokalt: Oppdatert vêrvarsel for Ørsta.
Slik ser løysinga ut. Lån pc slik du låner bøker. Ingvild Marie Taraldset

Gjenbruk av skulemaskiner

Prosjektet er også eit berekraftstiltak. Datamaskinene er tidlegare skulemaskiner frå Ørstaskulen som no har vorte klargjort for ny bruk. Ved å nytte utstyr frå 2015 på nytt, forlengar vi levetida på maskinparken til kommunen.

Informasjon om utlån

Utlånet vert administrert av Ørsta folkebibliotek.

  • Målgruppe: Familiar i Ørsta kommune.
  • Kven kan låne: Lånet må registrerast på ein forelder eller føresett.
  • Lånetid: Inntil 1 år.
  • Avgrensing: Maks 2 maskiner per familie.

Maskinene er enkle å bruke; dei startar automatisk når lokket vert opna. For å avslutte ei økt og starte på nytt, trykker ein på den raude knappen nede til høgre på skjermen.

Ta kontakt med biblioteket for utlån eller meir informasjon.