Stengt bibliotek 12. september - 28. september

Ørsta folkebibliotek, Volda folkebibliotek og Hornindal bibliotek held heilt stengt 12. september - 28. september i samband med overgang til vårt nye biblioteksystem. Eventuelt les meir her: Nytt biblioteksystem

Nytt biblioteksystem

Nytt biblioteksystem

Ørsta folkebibliotek skal over på nytt biblioteksystem i september. Klikk her for å lese meir om korleis dette vil påverke deg som lånar … …

Biblioteket i Ørsta skal saman med Volda og fleire andre bibliotek i fylket over på nytt biblioteksystem.  Vårt nye system heiter Cicero og er allereie i bruk hjå fleire folke- og skulebibliotek rundt om i landet. 

I løpet av september 2025 skal altså Ørsta folkebibliotek flyttast over på Cicerosystemet, og i forkant av dette må vi førebu samlinga vår. Difor kjem vi til å halde fram med noko redusert opningstid også etter skulestart slik at vi har tid til å løyse alt som er av tekniske utfordringar. 

Når så samlinga vår skal overførast frå det gamle til det nye systemet må vi halde stengt ein del dagar. Vi veit enda ikkje kor mange dagar dette vil bli, men meir informasjon kjem straks vi er i gang med sjølve implementeringsfasen. Dette skjer i tidsromet 25. august til 30. september og truleg må vi halde stengt heile veke 38 og 39 (15. – 28. september). Med ein gong alt fungerer slik som det skal opnar vi opp igjen. 

Det vil også bli stengt for fjernlånsbestillingar i forkant av overgangen, dette for å minimere talet på innlånte bøker då databasen blir flytta. Biblioteket her i Ørsta stenger for fjernlånsbestillingar frå og med måndag 18. august. Fjernlånet blir opna att så snart vi har fått det nye systemet i gang. Det skjer i slutten av september.

Vi ber òg lånarane våre levere inn bøker som dei er ferdige med så snart som mogleg. Du vil framleis kunne låne bøker lokalt frå boksamlingane både i Ørsta og Volda i denne overgangsperioda.

Vi legg ut ny informasjon fortløpande på biblioteket si nettside og facebookside. Følg med!

Viktig melding til alle våre lånarar som har aktiv lånehistorikk:
Lånehistorikk betyr at alle bøkene du har lånt på biblioteket i Ørsta ligg lagra i ei liste, frå og med den dagen du aktiverte denne funksjonen. Dessverre så vil det ikkje bli mogleg å overføre denne historikken frå vårt noverande system og over til det nye Cicerosystemet. Kom difor innom oss før september dersom det er ynskjeleg med ei utskrift av boklista di.