Stad: Ørsta folkebibliotek
Gratis inngang
Foreininga Norden Ørsta-Volda og Ørsta folkebibliotek inviterer til høgtlesing på biblioteket i den nordiske litteraturveka måndag 10. november. Vi har også i år fått med oss lesarar frå Volda og Ørsta, som skal lese for oss på nordiske og baltiske språk.
Årets høgtlesingsbok til Skumringstimen - høgtlesing for unge og vaksne - er den norske romanen Andvake av Jon Fosse. Andvake er den første delen av Trilogien, som Fosse fekk Nordisk råds litteraturpris for i 2015.
I boka møter vi Alida og Asle, som er komne til Bjørgvin for å finne arbeid og ein stad å bu. Alida er høggravid, men ingen vil gi henne og kjærasten rom. Dei blir meir og meir motlause der dei går omkring i regnet. Med seg har dei minna om ei lykkelegare tid, då dei to møttest og straks skjønte at dei var meinte for kvarandre. Men vonde minne blandar seg også inn, og gjennom fleire tilbakeblikk får vi innsyn i korleis dei to har enda opp aleine i verda.
Foreiningen Norden jobbar for eit sterkare og meir samansveisa Norden gjennom språk, samarbeid og felles løysingar for framtida. Det er ein ideell og partipolitisk uavhengig medlemsorganisasjon som samarbeider for å styrke og utvikle det folkelege, nordiske samarbeidet.
Skumringstimen blir årleg arrangert på bibliotek over heile Norden og Baltikum den andre måndagen i november. Då blir årets tekst lesen samtidig i alle nordiske og baltiske land på dei nordiske og baltiske språka. Nettopp det at det skjer på same tid og at vi får oppleve språka i ei og same lesestund, skaper ei særeigen stemning og gjer lesestunda til ei spesiell hending. Foreininga Norden Ørsta-Volda har gjennom mange år samarbeidd med dei lokale folkebiblioteka om å arrangere Skumringsstimen annakvart år i Volda og Ørsta.
Vel møtt til årets nordiske lesestund i Ørsta!
Les meir om Nordisk litteraturveke på https://www.nordisklitteratur.org/no/