Viktig melding til alle våre lånarar som har aktiv lånehistorikk:

Lånehistorikk betyr at alle bøkene du har lånt på biblioteket i Ørsta ligg lagra i ei liste, frå og med den dagen du aktiverte denne funksjonen. Dessverre så vil det ikkje vere mogleg å overføre denne historikken frå vårt noverande system og over til det nye Cicerosystemet. Kom difor innom oss før september dersom det er ynskjeleg med ei utskrift av boklista di.

Naturfestivalen 2025

Naturfestivalen 2025

Fleire interessante arrangement på biblioteket: måndag 11. august kl.18:00-19:00 og kl.19:00-20:30, tysdag 12. august kl.11:00-12:00 og onsdag 13. august kl.18:00-19:00

Gratis inngang

Stad: Ørsta folkebibliotek

 

Måndag 11. august:

Informasjonsmøte for nye frivillige i DNT Sunnmøre (kl. 18:00-19:00)

Oppdag Tafjordfjella – sommar og vinter (kl. 19:00-20:30) 

 

Tysdag 12. august:

Senior og glad i friluftsliv – sofaprat med glade friluftspensjonistar (kl. 11:00-12:00) 

 

Onsdag 13. august: 

Temamøte: Nasjonalpark på Sunnmøre?  (kl. 18:00-19:00)

 

Arrangementa skjer i samarbeid med Den Norske Turistforening og er gratis.

Vi gler oss til å møte deg!