Viktig melding!: måndag 24. august må vi stenge fjernlånet

Grunna flyttinga til mellombelse lokale må vi stenge fjernlånet vårt fram til vi har kome på plass i Ørstahallen.
Men i denne perioden kan dei som vil bestille bøker til henting på biblioteket i Volda. Ta då kontakt med dei for å ordne dette. Telefon: 7005 8850 og e-post:
biblioteket@volda.kommune.no

(Les meir her…)

FRØBYTEDAG

FRØBYTEDAG

Laurdag 31. januar 2026 frå klokka 12:00 til 13:00

Stad: Ørsta folkebibliotek

Vertskap: Ørsta Sirkelhage


Vil du dyrke noko til våren?

Velkomen til frøbytedag på Ørsta folkebibliotek! Ta med det du måtte ha av ekstra frø, kjøpte eller sjølvdyrka, og bytt til deg det du treng. Kom gjerne også om det er frø du manglar, eller om du vil treffe andre som er interesserte i dyrking av mat- eller prydplanter.

Frø som blir levert inn denne dagen går rett i frøbiblioteket, som vert ståande som eit tilbod til besøkande på Ørsta folkebibliotek.

Denne dagen er den internasjonale frøbytedagen. KVANN (Kunnskap om og vern av nytteplanter i Norge) arrangerar frøbytedag en rekke stedar. I samarbeid med Ørsta Sirkelhage og Ørsta folkebibliotek blir det frøbyte også i Ørsta!

Velkomen innom!