Frå 1. juni til 31. august: SOMMARLES 2025

Frå 1. juni til 31. august: SOMMARLES 2025

Endeleg er vi i gang med årets digitale lesekampanje Sommarles! der alle som går i 1.–7. klasse kan vere med, inkludert dei barna som skal begynne på skule til hausten! … …

Sommarles gjer lesing endå kjekkare, og det er heilt gratis å vere med.

Sommarles er for alle! På Sommarles.no kan ein registrere både bøker som barna har lese sjølve, og bøker dei har lese saman med nokon eller høyrt på (høgtlesing og lydbøker).

For kvar bok som blir registrert, får deltakarane XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Barna kan både få digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket. På Sommarles kan dei òg få lesetips og løyse oppgåver knytte til Sommarles-forteljinga for året, skrive av forfattaren Mari Moen Holsve.

For å bli med på Sommarles.no går de inn på nettsida og lagar ein profil til barnet. Om de treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket. Og så er det berre å lese i veg!

Vi håpar at vaksne vil hjelpe barna slik at dei kan vere med på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren!

God sommar med Sommarles.no