Viktig melding til alle våre lånarar som har aktiv lånehistorikk:

Lånehistorikk betyr at alle bøkene du har lånt på biblioteket i Ørsta ligg lagra i ei liste, frå og med den dagen du aktiverte denne funksjonen. Dessverre så vil det ikkje bli mogleg å overføre denne historikken frå vårt noverande system og over til det nye Cicerosystemet. Kom difor innom oss før september dersom det er ynskjeleg med ei utskrift av boklista di.

Forfattarmøte med Ottar Løvoll

Forfattarmøte med Ottar Løvoll

Laurdag 29. mars, klokka 12:00-13:00

Stad: Ørsta folkebibliotek

Gratis inngang


Forfattaren Ottar Løvoll er ute med ei ny diktbok og presenterer henne førstkomande laurdag på Ørsta folkebibliotek. Han snakkar òg om dei aller første dikta sine, som aldri har vorte gjevne ut, og avslører kvar han hentar inspirasjon til skrivinga si.
Det vert òg mogleg å kjøpe boka og få henne signert av forfattaren.