Viktig melding!: måndag 24. august må vi stenge fjernlånet

Grunna flyttinga til mellombelse lokale må vi stenge fjernlånet vårt fram til vi har kome på plass i Ørstahallen.
Men i denne perioden kan dei som vil bestille bøker til henting på biblioteket i Volda. Ta då kontakt med dei for å ordne dette. Telefon: 7005 8850 og e-post:
biblioteket@volda.kommune.no

(Les meir her…)

Forfattarmøte med Magnhild Bruheim : Stjernefallet

Forfattarmøte med Magnhild Bruheim : Stjernefallet

Tysdag 24. mars, klokka 19:00-20:00

Stad: Ørsta folkebibliotek

Gratis inngang

Bli med på eit kriminelt djupdykk med Magnhild Bruheim når ho presenterer krimboka Stjernefallet.
Her følgjer vi journalisten Tuva Velid i jakta på sanninga bak ein kjend skodespelar sitt mystiske dødsfall på Finnskogen. Det er duka for ei historie full av overraskingar, gamle løyndomar og menneskelege drama.
Bruheim er ein erfaren forfattar og ein meister i å veve spenning saman med sterke menneskeportrett. I dette forfattarmøtet fortel ho om korleis boka vart til, korleis ho jobbar med plot og karakterar, og kva det inneber å skrive krim på nynorsk.
Publikum får ta del i samtalen og stille spørsmål.