Viktig melding!: måndag 24. august må vi stenge fjernlånet

Grunna flyttinga til mellombelse lokale må vi stenge fjernlånet vårt fram til vi har kome på plass i Ørstahallen.
Men i denne perioden kan dei som vil bestille bøker til henting på biblioteket i Volda. Ta då kontakt med dei for å ordne dette. Telefon: 7005 8850 og e-post:
biblioteket@volda.kommune.no

(Les meir her…)

Forfattarbesøk med Martin Baldysz

Forfattarbesøk med Martin Baldysz

Portrettfoto av Martin Baldysz og omslaget til boka Vardane - Klikk for stort bilete Helle Frogner / Samlaget

Dato: onsdag 12. april, kl. 19:00

Stad: Ørsta folkebibliotek

Gratis inngang


Vardane av Martin Baldysz handlar om eit mystisk drap, eit møte mellom tre personar og ein lengt etter brennevin. Baldysz sin andre roman blandar overtru og menneskeleg samhandling saman med ein mytisk natur. Sjølv om boka kanskje verkar kort, er den i verkelegheita mykje lengre når ein reknar med det som står mellom linjene.

Onsdag 12. april kjem Martin Baldysz til Ørsta folkebibliotek for å fortelje om boka si.

(Medarrangør: Litteraturhus i Møre & Romsdal)