Grunna flyttinga vår kan de som treng bokpåfyll ordne dette hjå biblioteket i Volda.

Kontakt dei på telefon: 7005 8850 eller e-post: biblioteket@volda.kommune.no
(
Les meir her…)

Forfattarbesøk av Tore Kvæven

Forfattarbesøk av Tore Kvæven

Ope for alle: fredag 13. juni, klokka 12 

Stad: Ørsta folkebibliotek

Gratis inngang

I dette forfattarmøtet vil Tore Kvæven fortelje om si historie som forfattar med utgangspunkt i romanen «Når landet mørknar», og om det norrøne Grønlands historie.

Han tek òg ein sveip innom islendinge-sogene, og fortel om korleis finne inspirasjon og motivasjon når ein arbeider med prosjekt på eiga hand.

Kvæven er lærar og sauebonde. Han debuterte som forfattar i 2011 og er særleg kjend for sitt poetiske språk og gripande skildringar av dyr og landskap.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Arrangør: Aasentunet /Festspela 2025