Forfattar Maria Lavik om odelsretten og boka «Odelsskam»

Forfattar Maria Lavik om odelsretten og boka «Odelsskam»

Torsdag 27. mars, klokka 19:00-20:15

Stad: Ørsta folkebibliotek

Gratis inngang


Korleis er det å gje slepp på ein gard etter mange generasjonar?
Kva skjer om alle gardar ligg aude?
I boka Odelsskam skildrar forfattar og odelsjenta Maria Lavik oppveksten på eit småbruk på Vestlandet. Ho veks opp med sauesanking, store avstandar, bokbuss annankvar torsdag og historier om ei livskraftig og motkulturell slekt. Men alt som sekstenåring flyttar ho ut. Burde ho koma tilbake?

«I femten generasjonar før meg har mine forfedrar lempa stein og slite med jorda slik at dei som kom etter, skulle få eit betre liv. Skal det ta slutt med meg? For eg bur i byen og har bygd meg eit godt liv der.»

Odelsskam skildrar ein gard, ein plass og ein tilstand som held på å gleppa mellom hendene på forfattaren. Boka skildrar den evige reisa som mange utflyttarar er på, i stadig rørsle mellom bygda og byen, mellom «heim» og heim.

Samanvoven med hennar historie er den særnorske, over tusen år gamle odelsretten. Lova som koplar jorda og slekta saman til ein nesten heilag symbiose. Odelsskam er ei nær og rørande historie om tradisjonar og endring.

Maria Lavik si bok «Odelsskam», er nominert til Kritikarprisen for beste sakprosa i 2024.

Skrive om boka:
"Fortellingen om Maria Laviks familiegård blir et mikrokosmos for norsk distriktspolitikk ... Det er lett å forstå hvorfor Lavik sliter sånn med å gi slipp. "Odelsskam" er full av kjærlighet til slekta og plassen, og det er to størrelser som liksom ikke kan skilles fra hverandre ... Jeg føler både sorg og varme overfor denne slektsgården mens jeg leser.» -Maia Nordsteien Nielsen, Klassekampen
"Oppegåande sak­prosa skriven av ein vestlending med heimlengsel. Dette er historia om landet vårt i miniatyr – kort og skarpt fortald. Denne forteljinga peikar også framover. Korleis skal vi overleve om det kjem ein ny krig dersom lysa er sløkte på gardane, forsynings­linjene til utlandet er brotne og alle odels­gutane og odels­jentene er flytta til byen?» -Knut Hoem, NRK

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Arrangementet er ein del av programmet til Litteraturhus i Møre og Romsdal.
Det er Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum organiserer turnéane.
Satsinga er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, Norsk kulturråd, Fritt Ord, Human-Etisk Forbund Møre og Romsdal, Sparebank 1 Nordmøre, Møre Bispedømme og kommunane i Møre og Romsdal.