Stad: Ørsta folkebibliotek
Gratis inngang
2025 er friluftslivets år — og i det høve inviterer DNT Sunnmøre og Sunnmøre Friluftsråd til ei rekkje gratis inspirasjonsforedrag over heile Sunnmøre.
Med støtte frå Sparebank 1 SMN Ålesund har vi invitert inn kjente og ukjente foredragshaldarar med store og små historier på hjertet.
Smak av eventyr — Mat på bål og primus med John Hobberstad @eventyrgutten
Mat på tur treng ikkje vere komplisert!
På dette foredraget blir du både servert inspirasjon til eventyr, og nyttige tips og triks til matlaging på bål og primus.
Eventyraren John Hobberstad og hunden hans Kayla har via livet til å utforske Noreg frå fjord til fjell. Han kan skryte på seg å ha gått Noreg på langs, gitt ut to bøker om turmat og segla frå Langevåg til Trondheim i ein flamingo.
Tørka turmat er sjeldan å finne i ryggsekken til John — han likar best å lage smakfulle og kreative rettar på bål og primus.
Kom å få smaken av eventyr og god mat på tur — vi sjåast!
Saman med Sunnmøre Friluftsråd inviterer vi til fleire foredrag om friluftsliv på Sunnmøre. Sjå oversikt over alle foredrag i denne artikkelen: https://www.dnt.no/.../aktuelt/foredrag-friluftslivets-ar
Alle foredraga er også publisert på Facebook.
Spørsmål?
Ta kontakt med Lasse i DNT Sunnmøre på lasse.hoel@dnt.no