Viktig melding!: måndag 24. august må vi stenge fjernlånet

Grunna flyttinga til mellombelse lokale må vi stenge fjernlånet vårt fram til vi har kome på plass i Ørstahallen.
Men i denne perioden kan dei som vil bestille bøker til henting på biblioteket i Volda. Ta då kontakt med dei for å ordne dette. Telefon: 7005 8850 og e-post:
biblioteket@volda.kommune.no

(Les meir her…)

Foredrag med DNT Sunnmøre: SignaTur Tafjordfjella

Foredrag med DNT Sunnmøre: SignaTur Tafjordfjella

Bilete av person som vandrar i Tafjordfjella - Klikk for stort bilete Sindre Nakken

Dato: tysdag 9. mai, kl. 19:30

Stad: Ørsta folkebibliotek

Gratis inngang


Tafjordfjella er vårt nærmaste fjellområde for tradisjonell vandring frå hytte til hytte. Her har DNT Sunnmøre sju hytter, og SignaTur Tafjordfjella er turen som går innom alle desse.
I dette foredraget ved turleiar Sindre Nakken blir det vist bilete og fortalt om turen, om fjella og om DNT Sunnmøre.