Viktig melding!: måndag 24. august må vi stenge fjernlånet

Grunna flyttinga til mellombelse lokale må vi stenge fjernlånet vårt fram til vi har kome på plass i Ørstahallen.
Men i denne perioden kan dei som vil bestille bøker til henting på biblioteket i Volda. Ta då kontakt med dei for å ordne dette. Telefon: 7005 8850 og e-post:
biblioteket@volda.kommune.no

(Les meir her…)

Familielaurdag 7. desember på Ørsta folkebibliotek og Ørsta kino

Familielaurdag 7. desember på Ørsta folkebibliotek og Ørsta kino

Laurdag 7. desember frå klokka 12:00

Stad: Ørsta folkebibliotek og Ørsta kino

Gratis inngang


Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til ein triveleg familiedag på biblioteket og kinoen i Ørsta, der vi startar med ei høgtlesingsstund inne på biblioteket og deretter blir det kinovisningar. På biblioteket får du høyre den fine historia om Papa Panovs juledag.

Program:
Kl. 12:00 Høgtlesing av Papa Panovs juledag på Ørsta folkebibliotek (gratis)
Kl. 13:30 Filmstart: Den første julen i Skomakergata
Kl. 15:40 Filmstart: Ringenes herre -Slaget om Rohan

Første film på programmet er ei ynskjereprise av fjorårets store julefilm «Den første julen i Skomakergata» til rabattert pris. Litt seinare på dagen blir det vist den rykande ferske Ringenes Herre-filmen «Slaget om Rohan». Dette er ein animasjonsfilm i fantasysjangeren, med aldersgrense 12 år. Ein har lov å sjå den frå fylte 9 år, men då saman med ein vaksen.

I kiosken finn du ekstra gode tilbod, og det blir delt ut peparkaker i foajeen.
Og kven veit, kanskje du får auge på nokon frå litt kaldare strok? Ja, om ho rekk det då midt i dei travlaste juleførebuingane til Julenissen!

Høgtlesingsstunda på biblioteket er gratis, og billettar til kinovisningane finn du i eBillett og på nettsida til Ørsta kulturhus og kino. Meir info finn du også på facebooksidene våre.

Venleg helsing oss på Ørsta folkebibliotek og Ørsta kino