Grunna flyttinga vår kan de som treng bokpåfyll ordne dette hjå biblioteket i Volda.

Kontakt dei på telefon: 7005 8850 eller e-post: biblioteket@volda.kommune.no
(
Les meir her…)

Datahjelp i Ørstahallen: «Digitale saman»

Datahjelp i Ørstahallen: «Digitale saman»

annankvar onsdag i oddetalsvekene

Vil du bli tryggare på det digitale? Bli med på gratis kurs for å styrkje den digitale kompetansen din. Lær mellom anna grunnleggande bruk av datamaskin og nyttige appar til telefon og nettbrett.

Volda og Ørsta kommunar vidarefører tilbodet om kompetanseheving i digitale ferdigheiter for seniorar.

ØRSTA: Annankvar onsdag i oddetalsveker, kl. 11:00–13:00, 2. etasje i Ørstahallen.
VOLDA: Annankvar fredag i oddetalsveker, kl. 14:00–16:00, 1. etasje på Volda samfunnshus.

Berre å møte opp – du treng ikkje melde deg på!

Du treng ikkje kunne noko frå før og lærer til dømes korleis du brukar datamaskin og nyttige appar på mobil og nettbrett. 

Tidlegare har vi lært om:

  • Vipps
  • Billettar og transport
  • Google Foto
  • Helsenorge
  • E-post


Ta med eige utstyr (mobil, nettbrett, PC/MAC)

For spørsmål og meir informasjon, kontakt Fred Igland på telefon 9002 4945