Viktig melding til alle våre lånarar som har aktiv lånehistorikk:

Lånehistorikk betyr at alle bøkene du har lånt på biblioteket i Ørsta ligg lagra i ei liste, frå og med den dagen du aktiverte denne funksjonen. Dessverre så vil det ikkje bli mogleg å overføre denne historikken frå vårt noverande system og over til det nye Cicerosystemet. Kom difor innom oss før september dersom det er ynskjeleg med ei utskrift av boklista di.

Arill Riise - Der ingen var einsam

Arill Riise - Der ingen var einsam

Måndag 11. november, klokka 19:30

Stad: Ørsta folkebibliotek

Gratis inngang


Arill Riise les frå si nyaste bok Der ingen var einsam: klyngetunet som vart utsletta.
Boka tek for seg heimstaden til forfattaren, klyngetunet Riise der han vaks opp. Då det vesle samfunnet blei teke av eit snøskred blei forfattaren sjølv fanga under snøen. Tre personar omkom, og klyngetunet vart utradert.

Riise er eit kjent fjes for dei fleste som journalist og programleiar for både NRK og TV2 sidan 1980-talet. Riise blei tildelt prisen Årets nynorskbrukar i 2012, Kringkastingsprisen i 2016 og Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2021. Dette er hans fjerde bok.