Førehandsrøystene renn inn

ØrstaRådhus.jpg

 

Frå tidlegvalet starta 1.juli 2017 har det vore totalt 529 å røysta i Ørsta kommune. Kommunen har aldri opplevd ein slik pågang på tidleg- og førehandsrøystene før. Samanlikna med tala frå 2015 er det 401 fleire som har røysta fram til 25. august i år. Dette er fordelt på røyster frå tidlegval og førhandsrøystene. 

Gjere røystinga tilgjengeleg

Denne veka har kommunen også vore innom Vartdal helsetun, Ørstaheimen, Hjørundfjordheimen og Bakk-Ola-marka. Her har vi vore tilgjengelege for dei som har ønskjer å førehandsrøyste, og då særleg dei eldre. 

Dei neste vekene vil vi ha ope for førehandsrøysting laurdag 2. september og langope torsdag 7.september. Vi kjem også til Norangsfjorden torsdag 7.september for å ta i mot røyster der. 

 

Opningstidene våre:
 

Ørsta rådhus, Servicekontoret  10. august - 8. september:

Måndag-fredag: kl. 08.00-15.30.
Laurdag 2. september: kl. 10.00-14.00.
Torsdag 7. september: langope til kl 18.00 

Norangsfjorden (tidlegare Urke skule): torsdag 7. september kl. 16.00-18.30 

Meir informasjon finn du her: Informasjon om førehandsrøysting

Følg oss