Førehandsrøysting frå torsdag 10. august

Val - banner.jpg

Du kan førehandsrøyste til stortings- og sametingsvalet frå torsdag 10. august, til med fredag 8. september 2017. Den ordinære førehandsrøystinga startar 10. august og varer til siste fredagen før valdagen. 

Her kan du førehandsrøyste:


Ørsta rådhus, Servicekontoret  10. august - 8. september:
Måndag-fredag: kl. 08.00-15.30.
Laurdag 2. september: kl. 10.00-14.00.
Torsdag 7. september: langope til kl 18.00 
 
Vartdal helsetun: måndag 21. august kl. 11.00-12.30
Hjørundfjordheimen: tysdag 22. august kl. 10.00- 11.30
Ørstaheimen: onsdag 23. august kl. 10.30-12.30
Bakk- Ola marka: fredag 25. august kl. 11.00-12.00   
Norangsfjorden (tidlegare Urke skule):  torsdag 7. september kl. 16.00-18.30 
 
Alle røystestadane er opne for dei som måtte ønskje å røyste der.  
 
Du kan elles førehandsrøyste i alle kommunar i heile, uavhengig av kvar du bur eller er manntalsført. 
Dersom du røystar i eit anna fylke, vil du ved få utdelt lister som påført dei registrerte politiske partia der. 
Du må sjølv krysse av for, eller skrive, kva parti du vil røyste på.
 
 

Slik går du fram: 

  1. Møt opp i vallokalet. Ha med legitimasjon med namn, fødselsdato og bilete (t.d. pass, førarkort, bankkort) og eventuelt valkort (ikkje eit krav).
  2. Kontakt valfunksjonæren for rettleiing på staden.
  3. Gå til avlukket.
  4. Ta den vallista du ønskjer å bruke og skriv/kryss av for eventuelle rettingar.
  5. Brett lista saman slik at namn på lista kjem på innsida og det skraverte stemplefeltet på utsida. 
  6. Gå til valfunksjonæren og vis fram legitimasjon.
  7. Hald fram røystesetelen med stempelfeltet opp,  slik at valfunksjonæren kan stemple den.
  8. Valfunksjonæren vil kontrollere om du står i manntalet. Dersom ja, vert du kryssa av i manntalet for at du har røysta. 
  9. Legg røystesetelen rett i den forsegla urna. 
 
Dersom du er manntalsført i ein annan kommune, får du utlevert en røystesetelkonvolutt. Du legg den stempla røystesetelen i konvolutten. Valgfunksjonæren legg så denne i ein omslagskonvolutt, saman med valkortet ditt. Du legge deretter konvolutten i ei forsegla urne. Dersom du ikkje står oppført i noko manntal, eller dersom du har røysta før, vil di røysting verte handsama av valstyret, som tek stilling til om den skal godkjennast. 
 

Røysting heime

Om du på grunn av sjukdom, eller av andre årsaker ikkje kan kome deg til eit vallokale under førehandsrøystinga eller på valdagen, kan du søke kommunen om å få røyste heime
den siste veka før valet.  Dette gjer du ved å ringe eller sende e-post til kommunen. Frist for å søke om røysting heime er onsdag 6. september.
 

Følg oss