Kontaktiformasjon

Kontaktiformasjon

Du finn mykje informasjon på sjølvbetjeningssidene Kjøp kart og eigedomsdata og Min eigedom, men om du ikkje finn det du leitar etter er det mulig å kontakt oss.

Bilde av ein ansatt som sit ved ein pc. - Klikk for stort bilete

Kart og oppmåling

Dei tilsette har som hovudoppgåve:

  • Å utføre oppmålingsforretningar etter matrikkellova
  • Har ansvar for kommunen sitt kartverk, inklusive grunnkart og vatn- og avløpskart

Kart- og oppmålingstenesta er ein nøytral instans der næringslivet, offentlege organ og privatpersoner kan få rettleiing for dei fleste oppmålingsarbeid og spørsmål. Etter nødvendig rekvisisjon for oppmåling, eventuelt frådeling m.v., gjer ein den naudsynte formelle behandlinga etter plan- og bygningslova, held oppmålingsforretning og registrerer ny eigedom.

Kommunen har gjort tilgjengeleg grunnkart, flyfoto, ledige tomter og reguleringskart i denne kartportalen.
 

Kontakt oss
Ta kontakt om du lurer på noko i samband med vatn- og avløpskart, adresser, gatenamn, stadnamn, husnummer, areal, eigarar, frådeling, bortfeste av tomt, grensepåvisning, gards- og bruksnummer, eigedomskart og matrikkelbrev.

Guttorm Øye, fagleg leiar
Guttorm.oye@orsta.kommune.no

Jostein Vatne, avd. ingeniør
Jostein.Vatne@orsta.kommune.no

Kristian Schjetne, avd. ingeniør
Kristian.Schjetne@orstra.kommune.no

 

Plan og miljø

Plan- og miljøavdelinga har det daglege arbeidet med planane i kommunen

Kommunen har ansvaret for utvikling av den fysiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga gjennom planlegging. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal omhandle kommunen sine mål og strategiar som samfunn og organisasjon. Kommuneplanen sin arealdel gir føringar for arealbruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnadar. Reguleringsplanar fastset den lovlige arealbruken for eit avgrensa område. Kommunen kan utarbeide områdereguleringsplanar eller detaljreguleringsplanar. Private kan også fremje forslag om detaljreguleringsplanar for kommunen.


Kontakt oss
Ta kontakt om du lurer på noko i samband med planarbeid, planstatus for din eigedom, spørsmål om utvikling av eigedomen, e.l.

Gunnar Wangen, Fagleiar
gunnar.wangen@orsta.kommune.no

Matias Kårstad, Planleggjar
matias.karstad@orsta.kommune.no

Johnny Saure Riise, Planleggjar
johnny.saure.riise@orsta.kommune.no

Magnar Selbervik, Planleggjar og miljøvernrådgjevar
magnar.selbervik@orsta.kommune.no

Aud Hovdenakk, Prosjektmedarbeidar
aud.hovdenakk@orsta.kommune.no


Søk etter fleire tilsette på hovednettstaden:
Finn tilsette