Saksarkiv

Saksarkiv

Saksbehandling skjer i Acos WebSak.

Ei saksmappe pr sak, men også samlesaker der det er naturleg.

Tittel: tittelen skal sei noko om saka; kva, kvar og kven
Tittel2: opplysningar som skal skjermast må stå her (t.d. namn), evt. andre opplysningar
Arkivdel: SAK - saksarkiv
Sakstype: GS
Klassering: SSA 
Tilgangskode: UO

Innhald i arkivdel

Her opprettar vi alle saker som ikkje naturleg høyrer heime i dei andre arkivdelane. 

Tilgang til arkivdel

Alle brukarane av WebSak har tilgang til arkivdelen.

Den er ellers tilgangstyrt med tilgangskode (UO) slik at berre den som er tildelt tilgang til dokumentasjon unnateke offentleg innsyn i saka eller dokumentet, i eininga eller seksjonen har tilgang til saker og dokument som er unnateke offentleg innsyn. Seksjoneleiar/einingsleiar har tilgang til alle uoff saker i  sin seksjon/eining. Arkiv har også tilgang.

Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei
Klassifikasjon: Stort sett offentleg, enkeltsaker og dokument må unnatakast offentleg innsyn
Lovheimel: UO - Off.lova §13 jf forv.lova §13
Tilgjenge: Dei som har behov for informasjon for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til mappa.
Integritet: Mappa, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere mogleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.
Konfidensialitet: Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teiepliktskjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar.
Behandling Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.