Viktig melding til alle våre lånarar som har aktiv lånehistorikk:

Lånehistorikk betyr at alle bøkene du har lånt på biblioteket i Ørsta ligg lagra i ei liste, frå og med den dagen du aktiverte denne funksjonen. Dessverre så vil det ikkje bli mogleg å overføre denne historikken frå vårt noverande system og over til det nye Cicerosystemet. Kom difor innom oss før september dersom det er ynskjeleg med ei utskrift av boklista di.

Sommarles 2024

Sommarles 2024

Heile sommaren frå 1. juni og til 31. august

No er vi godt i gang med SOMMARLES 2024.
1. juni var den magiske startdatoen for vår årlege lesekampanjen for 1.-7. klasse.

Og vi held på heile sommaren, til og med 31. august.
Les bøker, registrer for å samle poeng og få premiar!