Vi inviterer til ei ny stund med samlesing. Det skjer MÅNDAG 17. FEBRUAR KLOKKA 19:30 på Ørsta folkebibliotek.
Samlesing er eit lavterskeltilbod, og det er ei litterær, personleg og sosial oppleving. Du kjem, vi deler ei tekst som du får utdelt her, og så samtalar vi om det vi les. Om du berre vil lytte er det heilt ok.
Om dette er noko du har lyst å vere med på, gi oss då eit lite vink anten på e-post: post@folkebiblioteket.no, telefon 7004 5520 eller på facebook. Du kan òg kome utan å melde deg på.
Velkomen!