Litterært pusterom / Shared reading

Litterært pusterom / Shared reading

Oppslått bok forma som eit hjarte - Klikk for stort bilete

Dato: måndag 27. november, kl. 19:30

Veit du kva SHARED READING er? 

Det er eit litterært pusterom i ei mindre gruppe med lav terskel for deltaking, med mål om å auke lesegleda mellom vaksne. Du treng ikkje vere lesehest for å kjenne deg velkomen i gruppa.

Klokka 19:30 på måndag 27. november inviterer biblioteket til nytt litterært pusterom: Shared reading!

Den blir leia av ein sertifisert leseleiar, som les ei novelle og eitt dikt høgt til gruppa. Så er det samtalen rundt, med fokus på opplevinga av tekstene, ikkje litteraturanalyse. Vi skal ha rom til å undre oss saman, og målet er ikkje å kome fram til ei felles tolkning, men å bringe inn ulike perspektiv og di oppleving av teksta.

Vart du nysgjerrig og har lyst til å vere med? …