Viktig melding til alle våre lånarar som har aktiv lånehistorikk:

Lånehistorikk betyr at alle bøkene du har lånt på biblioteket i Ørsta ligg lagra i ei liste, frå og med den dagen du aktiverte denne funksjonen. Dessverre så vil det ikkje bli mogleg å overføre denne historikken frå vårt noverande system og over til det nye Cicerosystemet. Kom difor innom oss før september dersom det er ynskjeleg med ei utskrift av boklista di.

Konsert med Stig Ulv

Konsert med Stig Ulv

Laurdag 20. januar, klokka 13:00

Stad: Ørsta folkebibliotek

Gratis inngang

Velkomne til konsert laurdag 20. januar, klokka 13.

Ein konsert med Stig Ulv er ei blanding av musikk, dikt og bilete. Tek du turen vil du garantert få ei kjenslelada oppleving i form av anten latter eller tårer. Dette er artisten som ikkje tek seg sjølv høgtidleg og verkeleg byr på seg sjølv. I 11 år har han reist land og strand med gitarane sine og skapt ulike stemningar med inspirasjon ifrå både pop-, vise- og jazz-sjangeren. Han har tidlegare gitt ut sju plater og ei bok. Kom og la deg overraske på konsert . «Stig Ulv er ein leiken hybrid av Ry Cooder og Knut Reiersrud» sitat Tom Stalsberg i Dagbladet. Stikkordet er nynorsk instrumentalmusikk og nynorsk instrumental-lyrikk. Han er også aktuell med boka Gitardikt og plata Horgitarar.