Fikselaug med Ørsta husflidslag

Fikselaug med Ørsta husflidslag

To personar som driv med handarbeid Noregs husflidslag

Laurdag 2. mars, klokka 11-14

Stad: Ørsta folkebibliotek

Gratis inngang


Laurdag 2. mars frå klokka 11:00 fram til klokka 14:00 inviterer Ørsta husflidslag igjen til Fikselaug her på biblioteket.

Har du klede som har litt hol her og der? Eit fikselaug er ein stad der alle som vil kan kome innom for å lære å fikse. Vi stiller med utstyr, og gode råd og tips. Målet er å vise kor lett det kan vere å fikse på kleda vi har, i staden for å kjøpe nytt heile tida. Håpet er at vi kan lære av kvarandre. Erfarne fiksarar er også velkomne.

Noregs husflidslag har "Haldbart" som eit av sine satsingsområde. Det handlar om å ta vare på tinga våre, utnytte ressursar rundt oss, reparere, lage og gjenbruke. I dette ligg prosjektet «Alt kan fiksast», som er eit prosjekt for å inspirere og lære folk å fikse og ta vare på kleda sine. Vi håpar at prosjektet skal spreie materialkunnskap, reparasjons- og handverksteknikkar.

Vi i Ørsta husflidslag er med på prosjektet og dette fikselauget er det første vi arrangerer. Vi satsar på at det blir fleire etterkvart.