Står du i manntalet?

Fotograf: Tore Fjeld

 

Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje røyste ved Stortings- og sametingsvalet, søndag 10. og måndag 11. september. 

No kan du kontrollere om du står i manntalet. Manntalslista til stortingsvalet er lagde ut til offentleg ettersyn på Ørsta rådhus, servicekontoret. 

Listene vert også lagde ut på følgjande stadar: 
- Ørsta folkebibliotek, kulturhuset  (heile kommunen)
- Postkontoret på Vartdal (for Vartdal krins) 
- Hjørundfjordheimen på Sæbø (for Sæbø krins) 
- Forsamlingshuset Haukly på Bjørke (for Bjørke krins)
Manntalslista til sametingsvalet er lagt ut til offentleg ettersyn på Ørsta rådhus, servicekontoret. 
 
Dersom du nyleg har flytta til ein annan kommune, og melding om flytting ikkje vart motteken i folkeregisteret innan 30. juni, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. 
Då kan du anten røyste på sjølve valdagen i kommunen du flytta frå, eller førehandsrøyste mellom 10. august og 8. september i den kommunen du sjølv ønskjer. 
 
Personar som bur i utlandet, og som har vore manntalsført i løpet av dei siste 10 åra, vert automatisk ført inn i manntalet i kommunen der dei budde då dei flytta ut av landet. Har du budd i utlandet samanhengande i meir enn 10 år, må du søkje om å verte ført inn i manntalet i den kommunen du budde då du flytta ut. Du søkjer ved å skrive under på omslagskonvolutten som vert nytta ved førehandsrøysting utanriks. 
 
Dersom du meiner det er feil i manntalslistene som er lagde ut, kan du krevje at dette vert retta av valstyret. Krav om retting må skriftleg og må gjelde feil, ikkje flytting etter 30. juni. 
Send kravet til: Ørsta valstyre, rådhuset, 6153 Ørsta.
 
Du finn meir informasjon om valet på http://valg.no
 

Følg oss