Svendsengarden

Svendsengarden

Bildet viser eit stort, flott gult hus som er Svendsengarden. - Klikk for stort bileteSvendsengarden slik den ser ut i dag. Gunnar Wangen
Bildet viser eit gamalt, svart/kvit fotografi av Svendsengarden og hagen framom. - Klikk for stort bileteSvendsengarden kring 1870-1880. Knud Knudsen, Marcus-arkiv UiB

År 1867

Webjørn Svendsen d.y. førte opp Svendsen-låna i 1867. Dette er eit av dei første husa i sveitsarstil på Sunnmøre. Huset er eit tidleg døme på ferdighus, prefabrikert av firmaet Thams i Trøndelag.

Svendsen-låna og Svendsengarden husa mange av dei funksjonane som var grunnleggande for framveksten av tettstaden på slutten av 1800-talet. I tillegg til gardsdrifta og handelsverksemda, som var utgangspunktet for Svendsengarden, var her også til ulike tider post og dampskipsekspedisjon, bank og hotell.

Svendsengarden er vurdert som eit kulturminne av regional verdi og vart vald som tusenårsstaden til Ørsta kommune i 2000.

I dag husar Svendesengarden "Fru Svendsen"-kaféen. 

Les også “Då turismen kom til Ørsta”.

 

Bildet viser eit gamalt, svart/kvit fotografi av Svendsengarden og hagen framomn. - Klikk for stort bileteSvendsengarden kring 1870-1880. Knud Knudsen, Universitetsbiblioteket i Bergen Garden i 1894. Knud Knudsen, Universitetsbiblioteket i Bergen Illustrasjon: Ingvild Marie Taraldset