Kunsthuset

Kunsthuset

Bilde viser det kvitmalte kunsthuset. - Klikk for stort bileteKunsthuset ligg midt i Ørsta sentrum. Håvard Myklebust

Oppført rundt år 1914

Kunsthuset var tidlegare eit fabrikkbygg og vart oppført under fyrste verdskrig av Ørsten Cement- og Betongstøperi. Sementproduksjonen varte til 1923, då verksemda gjekk konkurs. Etter dette flytta Grepa og Mjelva Fabrikker inn. Grepa vart starta opp av Havtor Hovden og produserte mellom anna komfyrar. Grepa dreiv i dette lokalet heilt fram til 2006, då dei flytta til industriområdet Mosflata.

Dette er den einaste attverande bygninga på den tidlegare fabrikktomta. Det er vurdert til å vere eit kulturminne av lokal verdi og symboliserer industrihistoria i Ørsta. Det gamle fabrikkbygget vert i dag nytta til kunstutstillingar.

Det gamle fabrikkbygget husar i dag Volda og Ørsta kunstlag. Kunsthuset ligg rett nord for Alti i Ørsta sentrum, på Havtor Hovden-plass. Kart: 

Illustrasjon: Ingvild Marie Taraldset