Kjempehaugen i Vik

Kjempehaugen i Vik

Bilde viser ein graskledd gravhaug. - Klikk for stort bileteGravhaugen i Vik, Ørsta sentrum. Ingvild Marie Taraldset

År 500 f. Kr–1050 e. Kr

I følgje tradisjonen vart Tik i Vik gravlagd i denne gravhaugen, som er frå jarnalderen.

I segnene om Tik i Vik er det litt usemje om Tik var ein mann eller ei kvinne. I ei segn vert det fortalt om tre brør (Grim Ose, Kvelp Moe og Iver Langerumpe paa Velle) og ei søster (ukjent namn) som skulle til Volda, men enda opp i Ørsta i ein snøstorm, og vart dei fyrste som busette seg i Ørsta. I ei anna forteljing var det ein familie; Mørejarl-ætta med far (Ivar Langerumpe), mor (Tik) og sonen (Kvelp), som flytta attende til Ørsta frå Austlandet, og at det er mora som ligg i gravhaugen i Vik.

Gravhaugane var symbolet på kvar dei døde levde vidare. Gravhaugar og gravrøyser har vore bygt så langt attende som til bronsealderen. Det var fyrst ved kristninga på slutten av vikingtida at denne skikken forsvann. Desse gravminna har vore sett i samanheng med aukande sosiale skilje og maktkonsentrasjon, som oppstod i jordbrukssamfunnet. Bygging av haugar og røyser var særleg utbreidd i yngre romartid (200–400 e. Kr), folkevandringstid (400–570 e. Kr) og vikingtid (800–1050 e. Kr). Dei fleste av gravhaugane i Ørsta kan truleg førast attende til ein av desse periodane.

Opphavleg har haugen hatt eit tverrmål på 20 meter, men har med åra vorte påført skade og deretter ført attende til omtrentleg utsjånad. Jacob Neumann, som var opplysningsprest og interessert i arkeologi på 1700- og 1800-talet, har grave her. Det er funne øks og krukke.

Gravhaugen ligg rett ved E39 og rett ved "Tik Café & Restaurant" i Ørsta sentrum. Kart:

 

Bilde viser ein illustrasjon av døme på innhaldet i gravhaugen: eit lite viking-gravkammer. - Klikk for stort bileteIllustrasjon av døme på innhaldet i gravhaugen. Arkikon