Gravhaugane på Velle

Gravhaugane på Velle

Bildet av ein graskledd gravhaug på ein solskinnsdag. - Klikk for stort bileteEin av gravhaugane på Velle. Ingvild Marie Taraldset

År 500 f. Kr–1050 e. Kr

Haugane er gravminne frå jarnalderen. Desse gravminna har vore sett i samanheng med aukande sosiale skilje og maktkonsentrasjon som oppstod i jordbrukssamfunnet. Du kan finne to gravhaugar på Velle, men her skal ha vore fleire. I følgje tradisjonen kan det vere Gosse Rekedal, Kvelp Mo, Grim Ose og/eller Iver Langerumpe som er gravlagd her.

Bygging av haugar og røyser var særleg utbreidd i yngre romartid (200–400 e. Kr), folkevandringstid (400–570 e. Kr) og vikingtid (800–1050 e. Kr), og dei fleste av gravhaugane i Ørsta kan truleg førast attende til ein av desse periodane.

Dei to gravhaugane var opphavleg kring 15 meter i tverrmål, men dei har vorte mykje skada og plyndra. Dei siste 30 åra er det gjennomført fleire arkeologiske registreringar og utgravingar på Velle. Ein har då klart å påvise fleire spor etter hus, dyrkingsflater og andre busettingsspor, som til dømes kokegroper. I gravhaugane er det berre funne oske og kolrestar. Men i nærleiken er det funne mellom anna eit sverd og ei øks, som stammar frå ei grav frå yngre jarnalder.

Frå «Arkeologiske undersøkelser av Bakkolamarka av Universitetsmuseet i Bergen»:

Gravminner er i Kulturminneloven definert til å omfatte gravhauger, gravrøyser, gravkammer, brannflakgraver, urnegraver, kistegraver, kirkegårder og deres innhegninger, og gravmæler av alle slag. Det er flere store gravhauger og -minner man kjenner fra det som i dag er Ørsta sentrum. Tre av dem er lokalisert på Velle med bruksnummer 7 og to befinner seg på bruksnummer 17. Disse to ble i sin tid registrert av Per Fett (1950:8) og befinner seg i umiddelbar nærhet til Bakkolamarka. Den ene haugen med ID-nummer 6455 er 16 meter i tverrmål og om lag 2,5 meter høy, den andre med ID-nummer 60555 er nesten identisk i størrelse med 16 meter tverrmål og 2 meter i høyden. I tillegg nevner Fett løsfunn av en øks (B8167) fra yngre jernalder. Kjelde: Kulturminneplan, 2017.

Gravhaugane ligg utanfor Ørsta ungdomsskule. Kart:

 

Illustrasjon av ein gravhaug i tverrsnitt. - Klikk for stort bileteIllustrasjon av døme på innhaldet i gravhaugane. Arkikon Bilde viser eit gamalt sverd. - Klikk for stort bileteSverdet som vart funne i nærleiken av gravhaugen. Adnan Icagic@Universitetsmuseet i Bergen Nærbilde av eit gamalt sverd. - Klikk for stort bileteNærbilde av sverdet. Adnan Icagic@Universitetsmuseet i Bergen Bilde av ei gamal øks, funne i nærleiken av gravhaugen. - Klikk for stort bileteØksa som vart funne i nærleiken av gravhaugen. Adnan Icagic@Universitetsmuseet i Bergen Illustrasjon: Ingvild Marie Taraldset

Artikkelliste